NOREGS ELDSTE HOTELL ANNO 1640

God kveld, god kveld... Har dere hatt en fin start på uka? Det håper jeg. :)

Her i huset har roen senket seg, dvs at Emmagull er i seng, Fredrik er ute i traktoren og Copper og jeg har slått oss ned på kjøkkenet. Og i det jeg satt meg ned i godstolen kom jeg på at jeg har noen bilder fra historiske Walaker Hotell i Solvorn å vise dere. For jammen meg er ikke det en vakker plass med et vakkert hotell! 
Walaker Hotell er over 370 år gamalt, og har vore i familien Nitters eige sidan 1690. Hotellet har gått i arv frå generasjon til generasjon, og i dag er hotellet ein attraksjon i seg sjølv. Slekta Nitter kom sannsynlegvis opprinneleg frå Skottland. Eit medlem av slekta kom til Bergen på 1500-talet og slo seg opp som handelsmann på Vestlandet. På byrjinga av 1600-talet flytta deler av familien til Sogn. Christen Nitter, som seinare skulle bli grunnleggjaren av det som i dag er Walaker Hotell Gjestgivargarden, hadde derfor vakse opp i Indre Sogn. Han drog ut i verda for å lære seg eit handverk, og gjekk nokre år i gullsmedlære, før han i 1690 vende tilbake til Solvorn og leigde handelsstaden på Vollåker.

Saman med kona Birgitt byrja han no å drive som handelsmann og kroholder i Solvorn. Dei fekk sju barn, og den yngste sonen, Ludvig, overtok drifta. Ludvig var kjend for å bryggje godt øl. Det vart
brygga av byggkorn om vinteren, og så måtte ein lagre det i ein kald kjellar for å ha nok å ta av heile sommaren.
Ludvig Nitter gifta seg med "demoiselle" Øllegård Klingenberg. Då han døydde i 1776, styrte enka vidare i kraft av hans borgarbrev slik enker hadde rett til. Paret fekk seks barn, og også denne gangen, vart det yngstesonen som overtok drifta av hotellet. Henrik dreiv hotellet frå 1790 til 1821, då sonen Erik overtok.
Erik gifta seg med Malene Mo frå Hafslo. Paret fekk ein son, som døydde som liten, og fire døtre. Det vart eldste dottera, Mette Malene, som fekk skjøte på eigedommen. På midten av 1800-talet begynte dei første turistane å komme til Vestlandet. I 1865 reiste den svensk-norske kronprinsen, seinare kong Carl 15., gjennom Norge. Han reiste over Sognefjellet, og ut Sognefjorden. Med i følgjet hans var fotograf Mathias Hansen, og det var truleg han som tok dei første bileta av Solvorn og Walaker Hotell.

Mette Nitter Walaker døydde i barselseng, berre førti år gamal. Det var den 11. fødselen i eit 23 år langt ekteskap med Jakob Sjursen Talle. Fire av dei 11 barna døydde tidleg, og av dei som fekk vekse opp var det eldstesonen Erik som i 1878 overtok staden, for så å overlate drifta til odelsguten Wilken.
Wilken var gift med Inga Ragnhild Mo frå Luster, og ho vart etter kvart ein legende som hotellvertinne i Solvorn. I tillegg til å drive gjestgiveriet, hadde dei også båtekspedisjonen i Solvorn og ansvaret for postkontoret. Det var no grunnlaget vart lagd for ei meir moderne hotelldrift på Walaker, då dei på midten av 1930-talet bygde om den gamle gjestgivargarden for å gjere han meir funksjonell. For å auke romkapasiteten fekk dei og i 1964 oppført ein bungalow-liknande motellbygning i hagen ved sida av den gamle tingstova.
Tidene har skifta, generasjoner likeså, men på Walaker Hotell er lite eller ingenting forandra. Dagens vertskap er 8. og 9. generasjon av slekta Nitter. Hermod er fødd og oppvasken i Solvorn medan kona Oddlaug Marie f. Bringe er opprinneleg frå Numedal. Dei tok over som eigarar i 1978, men har drive staden sidan dei gifta seg i 1968.
I tilknyting til 300-års jubileet vart kunstgalleriet Galleri Walaker 300 opna i den gamle uthusbygningen rett bak hotellet.


I dag driv dei familiehotellet saman med sonen Ole Henrik, og alle tre er levande opptekne av å føre dei ærverdige tradisjonane vidare.
10.generasjon heiter Theodor Nitter Walaker og kom til verda i oktober 2006.  Han må skolerast godt, og lærast opp til mangt og mykje, før han forhåpentlegvis vil ta over om ca 30 år.


Kilde: http://walaker.com
Walaker 1920. 




 Bildene taler vel for seg selv...

 Og inne i det nydelige lysthuset i hagen var det malt blått i taket. Dere kjenner jo meg og fargede tak...Vakkert!

En vakker dag på et vakkert sted. 

Ha en skjønn aften dere! 
Klem

8 kommentarer

Henriette og Helene

19.09.2011 kl.20:31

For ein nydelig stad!Ønsker deg ein fin mandagsveld! :)Klem Helene

Pernille

19.09.2011 kl.21:24

Så vakre bilder! Her kunne jeg godt tenkt meg en natt ja:) Gjennomført og med nydelige detaljer som det fargede taket, lamper, lister, tapet etc. Mye sjel her!Ha en fortsatt fin-fin kveld, Anine!

Anita

19.09.2011 kl.21:49

Elsker lysthuset i hagen :)Men har faktisk aldri vært inne i det ;)Ha ein fin kveld!Klem Anita

Line

19.09.2011 kl.21:56

Nydelig sted og herlige bilder! Kunne gjerne hatt en omvisning her! Ha en flott mandagskveld og herlig uke!!kos deg m dine! God klem fra line

fru Sunde - perledykk

19.09.2011 kl.22:09

Det er et av de fineste stedene jeg vet om.. mamma ønsket jeg skulle gifte meg der. Men det er jo noe usentralt :)

Mette, FjellroMantikk ?

19.09.2011 kl.23:35

Åjaaa,eit av mine favorittar innan historiske hotel:)Har vore der nokre gongar og håper det ikkje vert lenge til neste besøk....føler at eg lever litt tilbake i tid når eg er i dette paradiset.Skjønne bilder du har tatt!!!!Klem frå Mette.

Sanselig interiør

20.09.2011 kl.10:20

Nydelig hotell... og omgivelser. Man finner virkelig roen på et sted som det.

Elise`s Bergen

20.09.2011 kl.11:39

Walakar hotell er kjempe nydeleg! Har aldri vore inne, kun i kunstfjøset, men får ta turen innom der neste vår/sommar :)

Skriv en ny kommentar

Villa von Krogh

Villa von Krogh

33, Asker

Villa von Krogh skrives av meg, Anine. Mammaen til Emma Sofie, Malla Marikken og hunden Copper, for å ikke glemme kona til Fredrik. 32 år og lidenskapelig opptatt av interiør og arkitettur. Jeg elsker det gamle og sjarmerende, det som glitrer og selvsagt en dose med de nye trendy tingene. Min stil kaller jeg "Shabby Glam", en miks av alt jeg elsker. Jobber som interiørkonsulent og blogger, mine kreative sanser får utløpt seg hver eneste dag og mye det av det vises her på min lille baby nr 4 Villa von Krogh. Velkommen skal du være! Håper jeg kan inspirere.

Kategorier

Arkiv

hits